søndag 21. november 2010

Ungdom no til dags!

Fikk i oppgave å skrive ein kort petit om eit artig minne, på nynorsk, sjølvsagt!

Så var dagen komme da to av mine gode venninner og eg skulle på hyttetur aleine. Vi skulle vise våre fedrar at dagens ungdommen er nokon eventyrlystne og spreke vesen. Stolte og glade ungdommar friske og opplagde, klar til tur. Å neida, her kom tre morgentrøytte ungdommar der ein av døm var sjuk, og ja, den eine personen var meg. Eg var ikkje bare forkjøla, eg hadde omgangsjuke, og det tok ikkje lang tid før eg spydde midt på stasjonen ved sida av ein stakkarsleg uteliggjar. Andre omgang med oppkast forgjekk på skrå inn mot ein søppelkasse i håp om å få all driten inn eit lite hull. Sjølvsagt enda dette i spy over heile meg, og ikkje minst i håret. Klare for avreise med litt ekstra pynt i håret, bestilte vi buss til Hønefoss, og vidare tog, til og med komfortsetar(!!!), frå Hønefoss og til Gol.
Etter ein lang og svingande busstur, noen svingar verre enn andre, var vi fremme i Hønefoss, Noregs navle fylt med ein togstasjon, og eit par klesbutikkar og verdas beste Narvesenbutikk. Sjølvsagt var bussen forsinka, og sjølv med ein innlagt sprint for å rekke toget, ble Hønefoss opphaldsstaden de neste fem timane. Vi nøyt tida sittande inne på denne fantastiske Narvesen, med herlige og altfor snille butikkdamer. Oslo er ein stor stad med slemme menneske, så kor har alle de snille dratt hen? Jo, det må nok være til Hønefoss!
Ca.6 timar seinare satt vi å koste oss med ein kopp kakao på hytta, og lo av vår herlige dagstur til Hønefoss. Okeeeei da, så kan vell dei eldres fordomar stemme ein smule. Ungdom no til dags!

SNÆKKÆS!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar