torsdag 24. februar 2011

Vinterkyss

Vinterkyss handlar om den svenske sjukepleiaren Victoria og hennar byrdar etter at hennar son døyde. Ho flyttar ifrå mannen sin til ei lita norsk bygd for å prøve og byrje eit nytt liv. Like etter at Victoria kjem til bygda blir ein gut funni dø i ein grøftekant. Å jobbe med saken av den døde guten blir tungt for Victoria etter tapet av hennar son. Ho kjem nærmare gutens familie og brøytebilføraren Kai som er mistenkt for drapet på guten. Kai og Victoria inneleiar eit forhold noko som blir vanskelig for Victoria når ho får møte dottera hans. Minne blir vekka og Victoria blir usikker på båe sin fortid og framtid. Var ho for streng med sonen sin? Var det hennar skyld at han døyde på skøytetreningen som han hata så intenst? Har mannen hennar hatt rett når det gjeld dette? Skal hun dra tilbake til mannen hennar?
Skorne til den døyde guten blir funni lengre opp i ein hoppbakke like overfor grøftekanten guten ble funne i, og politiet konkluderar med at guten har falle ned ifrå unnarennet. Seinare konkluderar de med at guten tok sjølvmord. Grunnen var trulig at han ikkje fikk lov av moren og faren sin til å dra tilbake til heimlandet sitt for å gifte seg med sin elska.
Etter dette drar Victoria tilbake til mannen sin. Eg trur at ho bestemte seg for å dra tilbake akkurat på dette tidspunktet fordi ho følte skuldfølelse for at ho hadde tvunge guten sin til å dra på trening akkurat som foreldra til den døde guten tvang sonen til å bli igjen i Noreg.
"Vinterkyss" er ei gripande forteljing som bruker eit drap som ei ledande tråd til å få publikum til å bli grepet inn i eit dramatikk av saknad og sorg.


Filmen har nokon kjenneteikn som er typiske i ein novelle. Den har ein opning utan innleiing der ein går rett på sak i ein situasjon. Handlinga i filmen byggjar seg opp gjennom uroa som Victoria føler på gjennom heile filmen heilt til ho drar tilbake til mannen hennar. Det er uroa for hennar mann og for hennar døde son. Denne uroa toppar seg på et kritisk punkt eller spenningstopp når ho ikkje ville være med Kai, men drar tilbake, og uroa stilnar. Slutten er også overraskande og det eigentlige stoffet i filmen(Victorias kjensler) er intenst og kortfatta, og engasjementet stort. Rekkjefølgja i filmen er kronologisk, men med tilbakeblikk på livet til Victoria da sonen levde. Filmen startar også med eit av tilbakeblikka som kjem igjen seinare. Her har vi altså eit oppattak som også er veldig vanleg for ein novelle. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar