mandag 4. april 2011

Nynorsk som språk i reklamar?

Nynorsk, Noregs språkhistorie sitt  merke, lært bort til elevar på vidaregåande skuler og ungdomsskular over heile landet. Men utanom skulen, kor høyrer vi dei nynorske ord?
I dag har mange bedrifter begynt å bruke det nynorske språk i deira  reklamar. Kvifor? Det nynorske språk gjev eit inntrykk om at noko er gammaldags, og det gjer at vi tenkjer at produktet er av ekte vare. Ein kan sjå i mange reklamar at dei også bruker  dialektar og bilete av Noregs vakre natur. Dette gjer at ein får eit inntrykk av at produktet er handlaga av trufaste og kvalitetsbevisste personar på bygda, ikkje på store og digre fabrikkar i byane. Dei når også ein stor målgruppe, som i desse dagar ofte er vanskeleg å nå, nemleg dei gamle. Bilete av vakker natur eller bilete frå gammalt av, i tillegg til at det nynorske og vakre språk er brukt for å framheve Noregs kultur, tradisjonar, historie og stoltheita. Reklamane gjer at ein føler seg stolt øver å vere norsk. Det nynorske språk kan lett oppfattas dramatisk, og gjer ofte eit dypt inntrykk. Å bruke Noregs historie i reklamar gjer at dei når fleire; unge som følar ein interesse for å lære noko, eldre som nytar det å vere norsk, og sjølvsagt dei gamle som mimrar tilbake til minnar dei har frå gammaldagar. Men hugs at det må vere ein samanheng mellom produktet ein sel og det nynorske språk. Er reklamen for eksempel ein film om produktets utvikling og han si kvalitet?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar